Kommunedirektør Aglen trur Sande kjem seg greitt gjennom koronakrisa:

– Mange tiltak treff positivt

– Når eg summerer opp så er ikkje dette så hakkande gale. Sande kommune har kome seg greitt gjennom krisen så langt.

Trond Arne Ag­len: Kom­mu­ne­di­rek­tø­ren sum­mer­te opp både plus­sar og minusar, med eit spe­si­elt fo­kus på ko­ro­na­kri­sa, då han gjekk gjen­nom ter­ti­al­rap­por­ten for første ter­ti­al un­der tys­da­gens møte i kom­mu­ne­sty­ret.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det sa Trond Arne Aglen etter å ha gitt kommunestyret ein grundig gjennomgang av den økonomiske stoda i Sande kommune. I løpet av presentasjonen trekte Aglen fram ei heil rekke tiltakspakkar som gir grunnlag for håp om lysare tider. Men kommunedirektøren starta litt dystert, han gjorde det.