FRÅ «EROS» TIL «NY-EROS»

Ein solrik junidag i 1956 kom ein flaggprydd «Ny-Eros» til Eggesbønes. Mykje folk hadde møtt opp på kaia for å ta imot den nye fiskebåten.

«NY-EROS»: Stolte reiarar og mannskap. Øvst ser vi far og son, Peder Eggesbø og Johannes Bjarne. På dekk (frå venstre): Alf Eggesbø, Johannes Eggesbø, ukjend, Even Ingebrigtsen, Odd Evanger og August Notø. FOTO: ANDREAS A. BERGE  Foto: ANDREAS A. BERGE

På midten av 1960-åra satsa mange herøybåtar på ringnotdrift med kraftblokk. «Ny-Eros» var ein av dei.

Nyhende

Tidlegare på dag, då «Ny-Eros» var innom Ålesund, kom Sunnmørsposten om bord for å sjå nærare på den nye herøybåten. Journalisten slo fast at «Ny-Eros» var ein fyrsteklasses båt både innvendig og utvendig og hadde alt ein moderne fiskebåt skulle ha. «Rederne Peder og Johannes Eggesbø noterte med tilfredshet at folk var mer enn nyfikne», skreiv avisa.