Frå havfiske til kamp mot lakselus:

Nytt beite for Beitveit havfiske

Dei måtte gi seg med fiskeri, og no blir det i staden havbruksteneste for Beitveit havfiske på Kvamsøya.

spennande: – Det blir spennande, og vi gler oss til å prøve noko heilt nytt, seier Kenneth (t.h.) og Ronny Beitveit. 

Nyhende

Det var ikkje heilt etter planen deira å sluttte som fiskarar. Men å kome inn att i næringa, etter fyrst å ha selt seg ut, var verre enn Beitveit-brørne trudde då Stålegg blei seld for nokre år sidan.