Han er ny driftssjef i Westing

Tore Liadal er tilsett i den nyoppretta stillinga som COO/driftssjef for Herøy-selskapet Westing.

Ny driftssjef i Westing: For å kunne handtere veksten i selskapet endå betre har Westing no tilsett Tore LIadal som driftssjef.   Foto: Westing

Nyhende

På grunn av stabil vekst, aukande oppdragsmengde og lagerlokasjonar langs kysten har Herøy-baserte Westing behov for å styrke sin organisasjon, og kunngjorde denne veka at dei har tilsett Tore Liadal som driftssjef.


Westing lykkast med vekststrategien:

Tilset fleire folk og planlegg nysatsing i Tjørvåg

I løpet av dei siste fem åra har Westing oppnådd ein vekst på 50% og samtidig blitt den største distributøren til det store målingsselskapet Akzo Nobel i Europa. No ser selskapet framover med nytilsettingar og lokaletableringar i siktet.


– Det er svært gledeleg at vi har fått Tore med sin kompetanse og lange erfaring med på laget. Effektiv distribusjon som er støtta opp av gode system og rutinar er ein nøkkelfaktor for at Westing skal kunne fortsette den gode driven og ambisjonen om vidare vekst. Kvar veke vert meir enn 15 000 liter måling flytta inn og ut av våre lager, og dette stiller stadig høgare krav til oss for at vi skal kunne halde oppe rask og påliteleg service, seier dagleg leiar i Westing, John Knutsen, om nytilsettinga.


Zewo Chemicals satsar på Eggesbønes:

Zewo Chemicals satsar på Eggesbønes

Zewo Chemicals satsar med eigen salsorganisasjon og nytilsett salssjef på Eggesbønes.


Liadal kjem frå stillinga som logistikksjef i Tess og har mange års erfaring innan både lager, logistikk og sal. Han har vore ansvarleg for implementering av lagerstyringssystem og styrt avdelingar med opptil 120 tilsette, opplyser Westing i ei pressemelding.

– Inspirerande

Som driftssjef får Liadal eit overordna ansvar for heile verdikjeda i Westing. Fokuset hans skal vere på å effektivisere og rasjonalisere vareflyten heilt fram til sluttkunden. Han vil jobbe med lagerstrukturm drift, innkjøp, transport, distribusjon og nye logistikktenester. No gler han seg til å bli med på Westing si vekstreise.

– Det å få mogelegheita til å jobbe med eit firma som vil satse på vidare vekst og samtidig søkjer å forbetre sine prosessar, er veldig inspirerande. Westing er eit solid merkevare med store ambisjonar som eg verkeleg ser fram mot å bli ein del av, avsluttar Tore Liadal.


Westing lanserer eige kjemimerke

Gjennom selskapet Zewo Tristar lanserer no Westing ein egen produktserie med vaskemidlar retta mot skip og industri. Konseptet er utvikla i samarbeid med Tristar International i Nederland, som også er medeigar i det nye kjemiselskapet.