To millionar kroner til asfaltering

Fleirtalet i Herøy kommunestyre har bestemt at det skal brukast to millionar kroner på opprusting av kommunale vegar i år.

BJAR­NE KVALS­VIK: Va­ra­ord­fø­ra­ren vars­la al­le­reie un­der for­mann­skaps­mø­tet sist veke at Folkelista vil­le bru­ke eit par mil­li­o­nar på as­fal­te­ring av dår­le­ge kom­mu­ne­ve­gar. Fleir­ta­let i kom­mu­ne­sty­ret støt­ta for­sla­get.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Det er mange vegar som treng oppgradering. Eg veit at dette er harde verdiar, og at det er vanskeleg å sette opp mot pleie og skule. Men etterslepet er temmeleg stort, og eg synest det vil vere rett å gi ei lita handsrekning til heile Herøy. Eg har sett med mine eigne auge at forfallet har kome rimeleg langt.