Aglen svara formannskapet om årsmeldinga og årsrekneskapen:

– Kan ikkje ha slike avvik

Den store diskusjonen kring årsmeldinga og årsrekneskapen let vente på seg til det komande kommunestyret, men enn så lenge er formannskapet kritiske til store avvik ifrå budsjettet.

Arn­ljot Mu­ren: Ap-ve­te­ra­nen var und­ran­de til kvi­for ik­kje sys­te­met kla­rer å fan­ge opp dei sto­re bud­sjett­av­vi­ka. Han med flei­re sei­er ein no må gje­re grep for å få bet­re kon­troll.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Under formannskapsmøtet i Sande på tysdag kunne kommunedirektør Trond Arne Aglen varsle at dei i komande kommunestyre vil legge opp til ein detaljert gjennomgang av både årsmeldinga og årsrekneskapen for politikarane. Samstundes opna han for spørsmål frå representantane i formannskapet om årsmeldinga og om rekneskapen for 2019 som no er lagt fram. Som vestlandsnytt tidlegare har omtala, viser rekneskapen at Sande har eit negativt netto driftsresultat på kr 1.165.826,- og eit samla meirforbruk på kr 2.104.014,-.