Positive signal frå grunneigarar på Haugsholmen fører til ...

Ny runde om fiskerihamna

Etter å ha fått positive signal om moglegheitene for eit tinglyst punktfeste på Haugsholmen verkar no døra å vere open igjen for Sande med tanke på kjøp av fiskerihamna på den historiske holmen.

Olav Myklebust: Om kommunen skal gjennomføre eit kjøp av fiskerihamna på Haugsholmen, er det heilt sentralt at ein også får eige grunn på øya, forklara ordførar Olav Myklebust under formannskapsmøtet denne veka. Dette då det vil sikre allmugen rett til å gå i land på øya. Formannskapet har no signalisert at dei vil ha alle korta på bordet før dei gjennomfører kjøpet.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I Sande formannskap var avhending av Haugsholmen fiskerihamn tysdag ført opp som ei referatsak, der det før møtet var varsla at Kystverket no budde seg på å annonsere hamna for sal. På formannskapet kom det derimot ny informasjon fram i lyset om at det kanskje ikkje er uaktuelt for Sande å kjøpe fiskerihamna på Haugsholmen likevel. Det skjer etter at kommunen har fått signal frå grunneigarane om at dei ved eit kjøp også vil kunne få eit tinglyst punkt på øya, noko som vil seie at dei også får eige grunn og ikkje berre konstruksjonane på hamna. Sande har, som tidlegare omtala, vore interessert i å kjøpe hamna, men har vore avventande då det ikkje har vore heilt klarleik i kva ein kjøpar. Kystverket hadde derfor valt å sjå seg om etter andre kjøparar. Med eit tinglyst punkt stiller saka seg derimot litt annleis for Sande, ved at ein då også får sikra tilgang for allmugen, vart det lagt fram av ordførar Myklebust.