Full utrykking etter røykutvikling på Voldsund

Det vart torsdag ettermiddag full utrykning til ein einebustad på Voldsund i Herøy.

Herøy brann og redning rykka ut til ei røykutvikling på Voldsund i Herøy torsdag ettermiddag.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Det var ei gløymd panne. Første gong på 47 år.

Det seier bebuaren, som står på balkongen til huset saman med fleire brannbetjentar då Vestlandsnytt kjem til staden, kort tid etter ambulanse og brannvesen. Då dei kom til plassen var røykutviklinga over.

– Her var mykje røyk og lite oksygen, men no har vi fått lufta godt ut, seier bebuaren, som heldigvis slapp med skrekken.

Som rett er, rykka både brannvesenet og ambulanse ut til bustaden. Heldigvis slapp eigaren med skrekken.  Foto: Josefine Spiro