Landslaget for nærmiljøskulen engasjert:

Skulevedtaket i Sande klaga inn til Fylkesmannen

Fylkesmannen har fått ein klage på bordet frå Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS). I tillegg ber lokalpolitikarar om ein lovlegkontroll.

Sandsøy oppvekstsenter: Det er FAU ved Sandsøy oppvekstsenter som har engasjert Landslaget for nærmiljøskulen for å sjå nærare på saka om skulestrukturen.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

Klagen relaterer seg til Sande kommunestyre sitt vedtak frå 28. april, om endring av skulestrukturen. LUFS har klaga vedtaket inn til Fylkesmannen etter fullmakt frå FAU ved Sandsøy oppvekstsenter.

LUFS hevdar i klagen at Sande kommune har gjort vedtak om skulestruktur utan heimel i eige planverk, og med eit lovstridig budsjettvedtak i botnen.


Intens debatt før kommunestyret la ned to skular i Sande

Fleire til dels kjensleladde innlegg og meiningsutvekslingar leia fram til vedtak om nedlegging av både Gjerdsvika skule og Sandsøy skule etter inneverande skuleår.


Dessutan vert det klaga på at Sande kommune ikkje har starta prosessen med handsaming av saka ved kommunal forskrift.

For det tredje vert det peika på at mesteparten av sakspapira er to år gamle. LUFS meiner òg at saka har eit innhald som kommunen ikkje kan avgjere åleine.

- Fritt skuleval er brot på Opplæringslova. Borna vil misse retten til skule i eige nærmiljø, heiter det frå klagaren.

Budsjett tok høgde for nedleggingar

Når det gjeld punktet om manglande heimel i planverket, syner LUFS til at gjeldande Kommuneplan ikkje nemner spørsmålet om skulestruktur.


FAU-leiarane i Gjerdsvika og på Sandsøya er misnøgde med prosessen

Leiarane av FAU på Sandsøya og i Gjerdsvika er ikkje nøgde med måten skulesaka vart avgjort på.


-Det bør også nemnast at Sande kommunestyre i desembermøtet 2019 fjerna driftsmidlane for Gjerdsvika og Sandsøy skular frå 1. august 2020 då dei handsama årsbudsjett 2020 og økonomiplan 2020 – 2023, heiter det i klagen som er signert rådgjevar Dag-Audun Eliassen i LUFS.

Han legg til at dette vart gjort utan noko vedtak om nedlegging av skulane.


Skulesaka i Sande:

Aglen reagerer på framstillinga i Vestlandsnytt

Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Sande meiner måten skulesaka har vore framstilt på i Vestlandsnytt siste veka, er ubalansert.


- Eit budsjettvedtak er juridisk bindande, og det er difor lovstridig å løyve pengar til ein annan skulestruktur enn den gjeldande, skriv LUFS. Dei meiner budsjettvedtaket er styrande for utfallet i struktursaka.

Når det gjeld det å ta ting i rett rekkefylgje, syner LUFS dessutan til ei sak frå Levanger kommune frå 2005. Der kjende Fylkesmannen ugyldig eit vedtak som kom før sjølve forskriftsvedtaket. LUFS hevdar Sande kommune har gjort seg skuldig i same feilen.

- Dagens brukarar ikkje høyrde

Det vert også synt til at høyringa skriv seg frå 2018.

- Særleg alvorleg er det at brukarane som nedleggingane rører ved, ikkje har vorte høyrde dei siste to åra. To år gamal høyring sikrar ikkje at brukarane i dag får uttale seg. På den tida er det stort sannsyn for at samansettinga både av brukarar og lokalsamfunn har endra seg, står det i klagen.

Når det gjeld vedtaket om fritt skuleval, syner LUFS til at dette er ein unntaksregel, og at fritt skuleval difor er lovstridig.

«Barnets beste»

I klagen vert det også vigd ein del plass til prinsippet om «barnets beste», som skal vege tungt i slike spørsmål. LUFS skriv at kommunen må:

- kartleggje kva som er borna sitt naturlege nærmiljø - med utgangspunkt i borna og foreldra sine eigne oppfatningar

- omtale og vurdere konsekvensane av eventuelle endringar.

- godtgjere at nye og auka skulereiser stettar forsvarleg-kravet i Opplæringslova §§7 og 9a.

- om skulen ikkje har ei trygg og lokal forankring for læringa, vert det også mindre meiningsfullt å snakke om kvalitet. Større avstand til skulen fører då til lengre arbeidsdag for elevane, redusert læringsutbyte, vanskeleggjort samarbeid heim-skule.

Brevet er sendt til Fylkesmannen som klageinstans, med kopi mellom andre til medlemer av Sande kommunestyre, Barneombudet samt Likestillings- og diskrimineringsombudet.

- Trygg på at vi har gjort det rett

Vi tok kontakt med ordførar i Sande, Olav Myklebust (Sp), for ein kommentar til klagen..


Kari Ristesund ekskludert og ute av Sande Vest

Ho trekkjer seg frå Sande Vest-gruppa i kommunestyret. Kari Ristesund er samstundes ekskludert frå gruppa.


Han verken kan eller vil seie noko om enkeltpunkta LUFS skriv om i klagen. Men generelt seier han seg relativt trygg på at kommunen har gjort ting slik ein skal i denne saka.

- Vi har lagt vinn på å kvalitetssikre saka, forsikrar Myklebust om.

- Var de førebudde på eit etterspel?

- Eigentleg ikkje. Det er sjeldan det kjem slike klager, men om det er behov for å sjekke ut enkelte sider av denne saka, er det sjølvsagt heilt greitt, seier ordføraren.

Lovlegkontroll

I samtalen med Vestlandsnytt tysdag føremiddag opplyste Myklebust også at kommunen akkurat hadde fått inn eit krav om lovlegkontroll. Også det knyter seg til saka om skulestruktur.

Kravet om ein slik kontroll er bestilt av Kaare Worren (Sande Vest), Marion Flatøy Bringsvor (Frp) og Inge-Jonny Hide (H). Her ber ein om at vedtaket vert gjort om. Viss kommunestyret held på vedtaket, er det Fylkesmannen som skal ta stilling til lovlegkontrollen.

Sentralt i kravet om lovlegkontroll er at endringar i skulestrukturen skal skje gjennom Kommunal forskrift, noko dei tre hevdar ikkje er utført slik regelverket seier.

- Når det gjeld kravet om lovlegkontroll, er det eit spørsmål som skal opp i kommunestyret. Vi arbeider no med å sjå på formalitetane rundt klagene, og vidare saksgang, sa Myklebust tysdag.