Arbeidsløysa kraup sakte nedover siste veka

Talet på arbeidsledige kryp sakte nedover, men Møre og Romsdal toppar stadig landsstatistikken.

NAV: Litt færre arbeidsledige siste veka, melder NAV.  Foto: VN

Nyhende

8.298 personar er no heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal viser siste vekesmålinga frå NAV. Siste veka hadde fylket vårt ein nedgang på 886 heilt ledige, medan talet på delvis ledige auka med 106 personar til 9.086.

– Denne veka ser vi ein ganske stor reduksjon i heilt ledige, samtidig som vi berre har ein liten auke i delvis ledige. Det er den same utviklinga som i resten av landet, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.

Til saman er det no 17.384 personar som er heilt og delvis arbeidsledige her i fylket. Veland viser til at sjølv om dette er nesten 3000 færre enn då arbeidsløysa var på det høgaste i mars, er talet framleis svært høgt samanlikna med dei 4271 som tala viste ved utgangen av februar.

Herøy, Ulstein og Hareid ligg framleis heilt i fylkestoppen både når det gjeld heilt ledige og i sum av heilt og delvis ledige. Også i desse kommunane var det ei lita betring siste veka, men framleis er det 733 (394) i Herøy, 722 (380) i Ulstein og 410 (227) i Hareid som er heilt og delvis ledige. Dette tilsvarar oppunder 16 prosent av arbeidsstyrken for alle tre. Talet i parentes viser heilt ledige.

Sande har med sine 142 (91) heilt og delvis ledige ein prosent på 11,0. Sande er ein av kommunane i fylket som har hatt minst auke i arbeidsløysa samanlikna med tala som var før krisa sette inn.