Det melder NRK Møre og Romsdal. Det var om morgonen søndag 3. mai at politiet fann ein totalskadd bil i grøfta ved Hidsneset. Føraren var det derimot lite å sjå av. Han vart seinare funnen på ei privat adresse i nærleiken etter ein leiteaksjon. Mannen vart då sendt med luftambulanse til Ålesund sjukehus.
Bil totalskada etter trafikkulukke på Moltu - føraren til sjukehus
Ein mannleg bilførar i 20-åra er sendt med luftambulanse til Ålesund sjukehus etter ei trafikkulukke ute ved Hidsneset. Bilen vart funne totalskada i grøfta.
No er mannen sikta for å ha køyrt bil i rusa tilstand. Han kan og risikere ytterlegare reaksjonar.
– Det blir no opp til jurist å vurdere om mannen skal bli tiltalt for å stukke seg vekk, noko som førte til ein leiteaksjon, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK Møre og Romsdal.
STORE SKADAR: Bilen hadde store skadar. Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp