– Kumloket skaper trafikkfarlege situasjonar

Bilistar endrar køyrefelt for å unngå holet i vegbana. Dei ansvarlege tek ikkje tak.

Kumlokket: Mange køyrer heller rundt denne dumpen i Vågsgata.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Førre veke vart Vestlandsnytt tipsa om eit – i høve til vegbana – djupt kumlok ved Sparebanken Møre i Vågsgata i Fosnavåg. Holet vert stadig djupare, og tipsaren skriv at kumloket skapar trafikkfarlege situasjonar ettersom mange bilistar kjem over i motsett køyrefelt for å unngå holet.