Sjå kven som får kulturtilskot i Sande

Kommunen hadde ikkje råd til å løyve kulturtilskot i 2019, men no har oppvekst- og kulturutvalet i Sande fordelt 150.000 kr i kulturtilskot for 2020.

Sande kommune: Etter eit års pause med kulturtilskot blir det igjen dryssa nokre kroner til lokale lag og foreiningar. Tilskotet er retta mot aktvitetar for born og unge.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

Det var ikkje mange søkjarar, men innan kategorien starttilskot fekk «Kulturverkstaden» 8.000 kroner. Utvalet bestemte vidare at Larsnes IL si nye e-sport-gruppe skal få tilskot under posten for idrettslag. Også det er eit nystarta tilbod for born og ungdom.