Arbeidsløysa framleis skyhøg, men pilane peikar rett veg

NAV sine tal frå 12. mai syner at den enorme, korona-relaterte arbeidsløysa er i ferd med å gå ned. Det er i dag færre heilt arbeidsledige, men fleire delvis arbeidsledige.

NAV: Herøy har prosentvis flest arbeidsledige i Møre og Romsdal. Ulstein og Hareid er like bak.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende


Herøy har høgast arbeidsløyse av kommunane i Møre og Romsdal.

Dei ferske tala syner at det no er 423 personar heilt utan arbeid i Herøy. På det meste var det tidlegare i vår registrert 537 menneske som stod heilt utan arbeid. 9,2 prosent av arbeidsstokken i Herøy er heilt arbeidsledig i dag.


Lanternen tærer på eigenkapitalen

- Det er veldig bra med statleg krisestøtte. Men eigenandelen kan knekkje småbedrifter som oss.


I Sande er 7,2 prosent av arbeidsstokken heilt utan arbeid. Det gjeld 93 personar. På det meste var det registrert 113 personar heilt utan arbeid i Sande.

På same tid har det jamt over blitt fleire delvis arbeidsledige i vår region. Men samla sett har talet på arbeidsledige likevel gått ned. Utviklinga går med andre ord rette vegen.


27. april opnar salongane igjen

Slik førebur bransjen seg

Strenge smitteverntiltak blir innførte når frisør- og velværebedrifter opnar igjen måndag 27. april. – Vi i styret til NFVB har vore med å lage rettleiaren, seier Perly Kopperstad i Herøy.


Nabokommunane

Ser vi på nabokommunane, er det også færre heilt arbeidsledige.

Ulstein har 406 personar som er heilt utan arbeid, 8,9 prosent av arbeidsstokken. Har var det på det meste 544 personar som ikkje hadde noko arbeid å gå til for nokre veker tilbake.

Hareid har 8,8 prosent heilt ledige. Det gjeld 230 kvinner og menn. I denne kommunen var der 308 heilt ledige tidlegare denne våren.

Vanylven har tradisjonen tru låg arbeidsløyse, også i desse koronatider Her har 4,0 prosent av arbeidsstokken ikkje noko arbeid for tida. Det omfattar 63 personar, men på det meste var 96 personar heilt utan jobb.


Håper på norske turistar

April gjekk ut, mai går ut, og truleg vil også bestillingane for juni bli kansellerte. No håper dagleg leiar Knut Asle Goksøyr at nordmenn vil redde sommarsesongen på Goksøyr Camping på Runde.


Talet på arbeidsledige i Møre og Romsdal har sidan utgangen av april gått ned frå 11.656 til 9.184. Andelen helt ledige er dermed redusert fra 8,4 % til 6,6 %. Talet på delvis ledige har i same periode auka fra 7.715 til 8.980.

Veland: - Framleis alvorleg

NAV-direktør Stein Veland kommenterer utviklinga slik:

– Dei siste 14 dagane ser vi ein stor effekt av at myndigheitene har justert koronatiltaka og starta ei gjenopning av samfunnet. Talet på heilt arbeidsledige har gått ned med 2.472.


Koronastøtte til lokale bedrifter

Nitten bedrifter i Herøy og to i Sande har så langt fått statleg koronastøtte.


At talet på delvis ledige har auka med 1.265 tyder i fylgje Veland på at mange av desse er tilbake i arbeid i redusert stilling.

– Summen av dei som er heilt eller delvis ledige er redusert med 1.207 personar sidan utgangen av april. Framleis er 18.164 heilt eller delvis ledige, noko som viser at situasjonen framleis er alvorleg, heiter det frå NAV-sjefen.