Vestbas påkøyrt av Valderøy-båt

Snurrevadbåtane «Vestbas» og «Topas» kolliderte i førre veke utanfor Finnmarkskysten. Ingen i mannskapet skal ha kome til skade, men båtane har fått nokre materielle skadar.
Nyhende

Det var Fiskeribladet Fiskaren som omtala saka fyrst. Avisa skriv at Herøy-båten «Vestbas» vart påkøyrt av Valderøy-båten «Topas» førre tysdag på fiskefeltet Fruholmen nord for Ingøy i Vest-Finnmark. Til Sunnmørsposten seier Vestbas-reiar Tor Frantsen at dei skal ha vore på jakt etter Torsken og haldt ei fart på 1,8 knop då Valderøy-båten Topas trefte dei med ein fart på om lag 9 knop. Av dei totalt 14 personane som var om bord i dei to båtane skal heldigvis ingen av dei vere skada.