Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Herøy sett på sidelinja siste månaden:

– Ein kan ikkje velje vekk vår medverknad

Leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne kritiserer Herøy kommune etter at dei ikkje har blitt teke med i sakshandsaminga av politiske saker sidan mars.

– Ikkje godt nok: Leiar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Eilin Reinaas (H), meiner rådet har blitt sett litt på sidelinja i dei politiske handsamingane under koronasituasjonen. Ho er dessutan kritisk til måten råda vert nytta. Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

Koronakrisa har lamma, eller i det minste skadeskote viktige funksjonar landet over, og no kan det verke som krisesituasjonen har funne seg nok eit offer. Denne gangen er det rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Herøy det er snakk om.