Ber ordførar Prytz svare om framdrifta i viktige prosjekt:

Høgre vil ha handling

Herøy Høgre er utolmodige, og saknar informasjon. Dei forventar no at ordførar Bjørn Prytz orienterer om mellom anna Borga under torsdagens kommunestyremøte.

SENT­RA­LE HØG­RE-PO­LI­TI­KA­RAR: Tine Stor­øy og Tor Sind­re Stein­svik er Høg­re sin rep­re­sen­tan­tar i for­mann­ska­pet, og var også dei to øv­ste på lis­ta ved kom­mu­ne­va­let i fjor. No vil Høg­re ha hand­ling i Her­øy kom­mu­ne.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det kjem fram av ein e-post som Høgre-leiar Tine Storøy har sendt til ordføraren, rådmann Olaus-Jon Kopperstad og lokalavisa. Her stiller Storøy tre grunngjevne spørsmål, som ordføraren må svare på under kommunestyremøtet.