Fysioterapeutane er i gang igjen:

– Kan føle seg trygge

Fysioterapeut i Herøy Roger Kvalsvik seier dei no føler seg trygge på å kome i gang igjen med fysioterapeut-tilbodet lokalt. Han kan elles gi oss eit lite innblikk i situasjonen for den viktige helsefunksjonen no i koronakrisa.

Roger Kvalsvik: Fysioterapaut og seksjonsleiar for rehabilitering i Herøy seier at pasientar kan føle seg trygge. Reinhald og smitteverntiltaka er framleis strenge, opplyser han. Arkivfoto: Endre Vorren  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Måndag 20. april kunne både Herøy Fysikalske Institutt og Myrvåg Fysioterapi opne dørene etter å ha måtte halde stengt under koronakrisa. Roger Kvalsvik, seksjonsleiar for rehabilitering i kommunen og fysioterapeut, er naturleg nok glad for å kunne ta imot pasientar igjen, for situasjonen har også for dei våre krevjande. Innleiingsvis er han likevel støttande til og klar på at dei strenge tiltaka frå myndigheitene har vore nødvendige.