Moltustranda idrettslag ber kommunen om hjelp:

Manglar pengar til rassikring

Pålegget om skredsikring har skapt ei ny utfordring for finansieringa av det oppstarta frifot-anlegget på Moltustranda.

igang: Frå oppstarten av arbeidet med det kombinerte friidretts- og fotballanlegget tidleg i februar. Stig Moltu ved spakane, saman med Aleksander Tarberg som er entrerenør for anlegget. Foto: Bjørnar Sævik 

Nyhende

Moltustanda idrettslag har sett seg nøydd til å be Herøy kommune om hjelp med å skaffe pengar til skredvollen som idrettslaget er pålagt å bygge for å sikre frifotanlegget mot ras. Vollen er kostnadsrekna til 650.000 kroner, og dette er pengar som idrettslaget ikkje har per i dag.