Njål Sævik og dei tilsette i Havila Shipping tek påske med senka skuldrer:

– Sikrar drifta nesten uansett

Tysdag kunne Havila Shipping annonsere at dei hadde fått i hamn ein restruktureringsavtale som etter alt å døme vil sikre drifta fem år fram i tid, nokså uavhengig av korleis marknaden går.

Njål Sævik: Sævik har tru på at offshore vil fortsette å vere ei viktig næring framover. Han er derfor glad for å ha fått på plass ein avtale som ser ut til å sikre Havila Shipping drift i fem år framover. Arkivfoto 

Nyhende

– Vi er godt fornøgde. Og dei tilsette ser også ut til å vere glade for at vi har fått på plass ei restrukturering, seier Njål Sævik til Vestlandsnytt.