Herøybåtar med på veldig opplyftande sildetokt: Lovande utsikter for silda

-På grunn av den veldig sterke 2016-årsklassen ser det veldig lovande ut for sildefisket i åra framover.

sild: 2016-årsklassen av norsk vårgytande sild er estimert til å vere meir enn tre gonger så talrik som 2013-årsklassen og den største som er registrert sidan 2004. Foto: Havforskingsinstituttet. 

Nyhende

Slik framhevar havforskar Are Saltnes det han meiner er det mest lovande med gytetoktet for norsk vårgytande sild som herøybåtane Kings Bay og Eros har vore med på.