Anne Ma frå Larsnes leiar forskingsarbeid på Covid-19 i Noreg:

Testar ulike behandlingar

– Det vi vanlegvis bruker ein månad på få i gang, har no teke ei veke eller to. Det har vore nokre lange dagar.

Anne Margarita Dyrhol Riise: Seksjonsoverlegen og professoren kjem opphavleg frå Larsnes. Dei fleste kallar ho for Anne Ma. No for tida har ho hendene fulle med å leie forskingsarbeid på koronaviruset Covid-19. Foto: privat  Foto: Privat

Vi er vande med å sjå sjukdom og alvorleg liding, men det er klart at dette gjer noko med oss.

Nyhende

Det seier seksjonsoverlege og professor ved Infeksjonsmedisinsk avdeling, Oslo Universitetssykehus, Ullevål, Anne Margarita Dyrhol Riise.