Tussa gjorde det bra i 2019:

Gode resultat, men droppar utbyte

Tussa hadde i 2019 eit årsresultat på 96,8 millionar kroner. I 2020 er forventningane reduserte.

Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.   Foto: Tussa

Nyhende

Tussa-konsernet hadde i 2019 eit høgare driftsresultat samanlikna med 2018, og alle forretningsområda leverte betre resultat.

Droppar utbyte i usikker tid

Trass i at selskapet driv godt foreslår styret å ikkje betale ut ordinært utbyte for 2019. Ikkje overraskande er det usikkerheit knytt til dei langsiktige konsekvensane av koronaviruset og kraftprisutviklinga Tussa legg til grunn i den avgjersla. I ei pressemelding skriv selskapet at dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien, med svingingar i rente- og valutamarknaden, kombinert med svært låge kraftprisar som følgje av ein våt og snørik vinter, gir sterkt reduserte forventningar til Tussa sitt årsresultat for 2020.

Om dei usikre tilhøva vert avklara og konsernet sin økonomiske situasjon tillét det, vil styret kalle inn til ekstraordinær generalforsamling i 2020 for å handsame sak om tilleggsutbyte, opplyser konsernet.

– Tussa skal ha som mål å skape resultat som sikrar god soliditet i selskapet og gir høve til å betale ut eit godt og stabilt utbyte for eigarane. Tussa si samfunnsrolle er å sikre at kundane har tilgang til energi- og IKT-produkt, som blir definerte som grunnleggjande i dagens samfunn. Vi går no inn i ei tid der vi ikkje ser alle konsekvensane pandemien har på samfunnet og på Tussa. Selskapet sitt fundament for å sikre levering av naudsynte produkt må då prioriterast framføre å betale utbyte til eigarane, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.

Tussa hadde samla driftsinntekter på 1 134,2 mill. kr og eit driftsresultat på 205,3 mill. kr i 2019. Resultat før skatt er 174,0 mill. kr og etter skatt er resultatet 96,8 mill. kr.