Må ty til mellombelse kriseløysingar ved mannskapsskifte:

Folk står lenger om bord

Korona skaper store problem for reiarlaga i samband med mannskapsskifte. Olympic-direktør Bjørn Kvalsund kallar situasjonen dramatisk.

Opplag: Olympic Shipping har valt å legge Olympic Promoter i opplag på Fosnavåg hamn i påvente av at koronaproblematikken skal avklare seg. 

Nyhende

– Det er nesten ikkje råd å få sende folk nokon veg, seier Kvalsund som opplever situasjonen særs vanskeleg for båtar som operer i fjerne farvatn som USA og Mexico.