Gir 100.000 i støtte til Kirkens SOS Møre og Romsdal

Krikens SOS Møre og Romsdal, som mellom anna er etablert i Myrvåg, får stor gåve frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Gåva, 100.000 kroner i drivkraft-midlar.

Andre Skotheim, leier for personmarknaden Sparebank1 Søre Sunnmøre og Hilde Lillestøl , leier Kirkens SOS Møre og Romsdal er glade for å stryke Kirkens SOS sitt arbeid på Søre Sunnmøre  Foto: Pressefoto

Nyhende

– Eg vil rose Sparebank 1 Søre Sunnmøre for bidraget til å utruste fleire frivillige som gode samtalepartnarar som også vil vere ressursar i sine lokalsamfunn. Ei slik støtte set oss i stand til å styrke livsmeistring for enda fleire som kontaktar oss via soschat.no. Vi er svært takksame for tildelinga av drivkraft-midlar, seier Hilde Lillestøl, leiar for Kirkens SOS Møre og Romsdal, i ei pressemelding.

Kirkens SOS er landets største krisetelefon på telefon og nett, og er tilgjengeleg 24 timar i døgnet – heile året. I 2019 vart det etablert ei eiga vaktavdeling for SOS-chat i Myrvåg.


Kirkens SOS opna ny avdeling i Myrvåg

Kirkens SOS i Møre og Romsdal opna i førre veke ei ny vaktavdeling for sos-chat i Myrvåg


Pengane frå banken er øyremerka tiltak som kjem brukarane direkte til gode, gjennom rekruttering og kursing av frivillige, slik at samtaletenestene kan bli styrka og meir tilgjengelege.

– Kirkens SOS betyr veldig mykje for mange – slik som no når mange føler på frykt og usikkerheit. Vi er glade for å kunne bidra til at Kirkens SOS kan styrke sitt arbeid der vi høyrer til, seier Andre Skotheim, leiar for personmarknaden i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.