Gir nettbrett til sjukeheimar og omsorgsbustadar

Sparebanken Møre vil gjerne hjelpe bebuarar ved sjukeheimar og omsorgsbustadar med å halde kontakta med familie og venar.

LOKALE BANKSJEFAR: Kjell Ove Vasstrand (Larsnes) og Per Ronald Knutsen (Fosnavåg) bruker begge moderne teknologiar til å halde kontakta med kjente og kjære. No gir dei nettbrett til sjukeheimar og omsorgsbustadar, slik at bebuarane kan halde kontakta med sine kjære.   Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

– Sjukeheim og heildøgnsbemanna bustadar i kommunane har innført besøksforbod og restriksjonar grunna koronaviruset. Dette har ført til eit stort behov for nye måtar å halde kontakt med familie og venar på for bebuarane, seier Sparebanken Møre sine banksjefar i Herøy og Sande, Per Ronald Knutsen og Kjell Ove Vasstrand i ei pressemelding.

Difor går Sparebanken Møre, i samarbeid med representantar for kommunane, til innkjøp av fleire nettbrett. Banken tilbyr no desse til alle kommunane der banken har kontor.

– Tilsette står på og gjer alt dei kan. Vi høyrer om at dei brukar sine private mobilar og nettbrett på jobb for at bebuarane skal kunne halde kontakta med sine kjære via Skype og Facetime. Vi veit at mange er svært takknemlege for den ekstra jobben dei tilsette gjer, og vi vil gjerne vere med å bidra til å gjere kvardagen litt lettare både for tilsette og bebuarar, fortel Knutsen og Vasstrand.