Ber fylkeskommunen og helseføretaket om å sikre drosjene si framtid:

Drosjene nesten utan inntekt

– Drosjenæringa er i ein svært vanskeleg situasjon inntektsmessig. Nesten all køyring er borte.

PER MOR­TEN BJØRLYKKE: Sty­re­lei­a­ren i fyl­kes­av­de­lin­ga til Norges Taxi­forbund ber kom­mu­na­ne, fyl­kes­kom­mu­nen og hel­se­fø­re­ta­ket om hjelp til å fjer­ne ri­si­k­oen for at dro­sje­til­bo­det for­svinn meir el­ler mind­re for godt.   Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

Det skriv styreleiar i Norges Taxiforbund avd. Møre og Romsdal, Per-Morten Bjørlykke, i ei oppmoding til kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal, samt Pasientreiser Møre og Romsdal. Bjørlykke viser her til at all skulekøyring er vekke, samstundes som pasienttransport og andre oppdrag med drosje er svært redusert.