Ronny visste ikkje kven faren hans var

Så fekk han hjelp av «Tore på sporet».

Ron­ny Gurs­ke­vik Tand­berg: Her ser vi 52-år­in­gen i Gur­sken, der han vaks opp, un­der inn­spe­lin­ga av den sis­te epi­so­den av «Tore på spo­ret», som vert sendt på NRK1 søn­dag 5. april.  Foto: Tore Strømøy

Nyhende

Ronny Gurskevik Tandberg – han kan vel vere ein 14–15 år gammal – veit godt at han ikkje har noko å gjere inne på foreldra sitt soverom. I alle tilfelle ikkje i den øvste, låste treskuffa i mora sin kommode. Ho er full av smykke og andre verdisaker. Men ungguten er åleine heime, og han finn nøkkelen. Han er nysgjerrig. Iallfall er det slik han skal kome til å hugse den vesle, heller ubetydelege hendinga mange år seinare.