Jonas får årets drivkraft-stipend

Biljardtalentet Jonas Kvalsund Hansen vart torsdag overraska med Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt talentstipend.

JO­NAS KVAL­SUND HANSEN: Den unge bil­jard­spe­la­ren frå Her­øy sat­sar hardt på spor­ten sin, og var mel­lom anna med i EM sist som­mar. No får han ta­lent­sti­pend. ar­kiv­fo­to: bjørn­ar torv­holm sæ­vik 

Nyhende

– Jonas Kvalsund Hansen har i ung alder utmerka seg nasjonalt som ein av Noregs beste biljardspelarar. Han har store ambisjonar og er ein verdig vinnar som vi gler oss til å følgje med på!

Det seier avdelingsbanksjef Henning Karlsen om tildelinga, i ei pressemelding frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Slike stipend går til personar som har utmerka seg nasjonalt, og det kan vi vel i likskap med banken trygt slå fast at Jonas Kvalsund Hansen har gjort. Helg etter helg leverer han solide prestasjonar i nasjonale biljardturneringar, og sist sommar var han også ein del av U17-troppen til junior-EM i biljard, som vart arrangert i Nederland.

I eit utdrag frå Jonas sin søknad om stipendet kan vi lese at han har ambisjonar om å kvalifisere seg for spel for seniorlandslaget på sikt, men at han på noverande tidspunkt først og fremst gjerne vil ha ein ny sjanse i junior-EM. Jonas skriv:

«Ambisjonen er å utvikle meg så langt som mogleg innan sporten. Eg har alltid sett meg mål som eg må strekke meg for å nå. Det målet som eg har hatt som hovudfokus siste par åra, å stabilisere meg blant dei aller beste norske spelarane, føler eg langt på veg er nådd. Neste steg er utvilsamt å frekventere hyppig på pallen i eliten, og dermed også kvalifisere meg for landslagsspel på seniornivå, sjølv om eg framleis også held junioralder nokre år til. Litt meir kortsiktig er målet å behalde juniorlandslagsplassen, og få representere Norge i EM i Bulgaria til sommaren. Der har eg ambisjonar om å kunne reise heim med medalje (r) i bagasjen.»

Desse får stipend

Drivkraft-stipendet er Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt stipend til unge talent innan idrett, kultur og open klasse. Stipendet blir delt ut årleg og går til unge personar som har utmerka seg nasjonalt, og som har ambisjonar om å utvikle talentet sitt vidare. I over ti år har banken delt ut desse stipenda, og utøvarar som Karsten Warholm og Jonas Kvalen er mellom dei som har fått stipenda tidlegare, heiter det frå banken.

I fjor var det dåverande Bergsøy-spelar Markus Buchardt som fekk talentstipendet. Han spelar no handball for eliteserieklubben Runar.