Vil vidareføre skjenketidene

Utval for næring, kultur og idrett i Herøy vil behalde gjeldande skjenketider.

ALKOHOL   Foto: Shutterstock

Nyhende

Utvalet gjekk samrøystes inn for rådmannen si tilråding på sist møte. Det vil seie at utvalet ønskjer å behalde dei gjeldande skjenketidene, altså til klokka 01.00 for varegruppe 3 (brennevin) og 02.30 (fredag og laurdag)/ 01.00 (resten av veka) for varegruppe 1 og 2.