Bjørn Martin Aasen inn i korona-kampen

Herøy kommune har henta tilbake pensjonert kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

BJØRN MAR­TIN AASEN: Han er engasjert i Herøy kommune som smittevernoverlege.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det opplyser Herøy kommune fredag kveld. Kommunen skriv:

- I samband med koronapandemien har Herøy kommune sett behov for å styrke ressursar knytt til smittevernarbeidet.

- Frå 19. mars er difor Bjørn Martin Aasen engasjert som smittevernoverlege; i første omgang til 1. mai. Han skal ivareta kommunen sine oppgåver etter smittevernlova.

- Kristian Gottliebsen ivaretek som før alle andre kommuneoverlegeoppgåver. Han har i tillegg ansvar for å koordinere smitteverntiltak ved Herøy legesenter. Torill Myklebust har tilsvarande ansvar ved Myrvåg legesenter.