Slik vert heimeskule-kvardagen i Herøy framover:

– Lærarane våre er topp motiverte

Kommunalsjef oppvekst i Herøy kommune, Sølvi Lillebø Remøy, seier gode rutinar no er alfa og omega for å sikre eit godt undervisningstilbod i unntakstilstanden vi no står i.

Søl­vi Lil­le­bø Rem­øy: Kom­mu­nal­sjef opp­vekst i Her­øy opp­mo­dar barn, ungdom og fø­re­set­te om å kome inn i gode ru­ti­nar for hei­me­ar­bei­det. Ar­kiv­fo­to: Bjørn­ar T. Sævik 

Nyhende

Skulekvardagen for elevar i heile landet har blitt heilt snudd på hovudet den siste veka. Alle opplæringsinstitusjonar, frå barnehage til universitet og høgskule, er stengde for å unngå smittespreiing av det nye koronaviruset.

– Det vil seie at både små barn og ungdommar er heime. Foreldra skal, så godt det let seg gjere, støtte dei i læringsarbeidet sitt, samtidig som dei kanskje skal yte arbeid frå heimekontor og ta vare på barn i barnehagealder, skriv oppvekstsjefen til Vestlandsnytt.

Ho vedkjenner at skuleelevar og lærarar no står overfor ei utfordring.

– Dette er ein unntakstilstand og ingen kan forvente at vanlege undervisningsforløp vert gjennomførte.

Likevel påpeikar ho at dei no har kome fram til eit opplegg som kan fungere i denne unntakstilstanden. For Herøy sitt vedkomande kan no kommunen forklare korleis «den nye» skulekvardagen kjem til å sjå ut for elevane framover.

– Lærarane våre er topp motiverte for oppgåva. Dei gjekk fredag i gang med den store jobben det er å leggje til rette for at opplæring skal gå føre seg og følgjast opp heime, utan fysiske møte mellom lærarar og elevar, seier Lillebø Remøy.

Rutinar er viktig

Noko av det viktigaste no i startfasen er at både store og små elevar kjem seg inn i gode rutinar og har opplevinga av faste rammer, sjølv om skuledagen deira vert heilt annleis, understrekar kommunalsjefen. I Herøy har dei derfor lagt opp til ein grunnstruktur som elevar og føresette vert bedne om å halde seg til. Alle elevane får ein dagsplan/arbeidsplan som skildrar kva dei skal jobbe med i «heimeskulen».

Grunnstrukturen består av to faglege økter kvar dag, i tillegg til daglege økter med lesing og fysisk aktivitet. Dagen startar med ei fagøkt. Deretter vert elevar oppmoda om fysisk aktivitet, før økt to med fag startar. På tampen av skuledagen vert også elevane oppmoda om å ha fokus på lesing.

– Kontaktlærarar og timelærarar vil samarbeide rundt kva arbeid ein kan forvente, forklarar Sølvi, som peikar på at også samarbeidet med heimen er viktig.

– Vi er lydhøyre for signal om ting vert vanskeleg å gjennomføre eller for mykje. Opplæringa skal vere i samarbeid med heimen, legg ho til.

Lærarane i Herøy kjem til å nytte Showbie, Google og mail for å kommunisere ut arbeidsplanar og lenker til nettressursar for elevane. Oppfølging av elevarbeidet vert avtalt ut frå alderssteg og kva digitale moglegheiter ein har tilgjengelege for klassa. Remøy peikar elles på at mange læremiddelprodusentar i unntaksperioden har opna sine lisensierte læremiddel til bruk for alle skular. Dermed har elevar og lærarar no fått eit rikt tilfang med læremiddel der ein kan jobbe med fag på digitale plattformer.

– Lærarane kjem til å legge inn tilgjengelege lenker i planane til elevane, slik dei kan finne fram, forklarar kommunalsjefen.

Hald dykk aktive

Om den fysiske aktiviteten seier Lillebø Remøy følgjande:

– Elevane våre er i ein situasjon der alle dei faste rammene rundt livet deira fell vekk i form av skule, idrett, kulturskule og fritidstilbod. Det er viktig at vi i denne perioden fokuserer og oppmodar til ulike formar for fysisk aktivitet.

Digital dugnad

Fleire lærarar i Herøy er med i ein stor digital dugnad på landsbasis, der dei hjelper kvarandre med idear og undervisningsopplegg i ulike fag mot ulike alderssteg. Facebook-gruppa «Korona-dugnad for digitale lærere», som var oppretta før helga, har i skrivande stund over 48 000 medlemmar frå alle opplæringsinstitusjonar.

– Det er utruleg kjekt å sjå kor raskt lærarane rundt om i landet organiserte seg for å hjelpe kvarandre med å gjere det beste ut av ein vanskeleg situasjon for elevane våre. Dette er norsk dugnadsånd på sitt aller beste, avsluttar Lillebø Remøy