Ingen påvist smitte i Herøy, men om det skal halde seg må folk ta omsyn til kvarandre:

– Må vise kva som bur i oss

Herøyordførar Bjørn Prytz oppmodar alle om å vere solidariske . – Ikkje reis på hytta, ikkje hamstre mat og ver ein god nabo, er hans klare beskjed til kommunens innbyggjarar.

BJØRN PRYTZ: Ordføraren i Herøy ser det som svært viktig at folk no ikkje reiser på hytt og trosser helsemyndigheitene sine vedtak. – Nå må vi verkeleg vise kva dugnadsånd som bur i oss, seier Prytz. Han oppmodar alle om å halde seg oppdatert på kommunen sine heimesider. Foto: Stian Langlo Driveklepp 

Nyhende

– Status i Herøy er at her er ingen påvist smitte. Dette er vi sjølvsagt glade for, men vi må vere budde på at dette kan kome til kommunen.

Slik innleiar ordførar Bjørn Prytz samtalen då vi måndag snakkar med han om status for Herøy kommune i koronapandemien. Per no er det, som ordføraren seier, ingen smitte i Herøy, men mange er i heimekarantene. Eit tal på kor mange det er snakk om, har vi dessverre ikkje.

– Inntrykket og håpet mitt er likevel at folk er beviste på sin eigen situasjon og at dei som skal vere i heimekarantene, gjennomfører dette, legg Prytz til.

– Uverkeleg

Sjølv opplever ordføraren at vi no går inn i ei merkeleg tid.

– Det kjennest nokså uverkeleg det vi no står i, der vi ser kor råka samfunnet kan bli av ein sjukdom. Det som derimot er klart er at vi må ta omsyn til til alt som no vert bestemt frå helsemyndigheitene, seier Prytz

– Kjempeinnsats

Han tillèt seg å skryte av staben i kommunen som latar til å vere godt førebudde på situasjonen vi no går i møte.

– Folk i helse- og omsorgssektoren her ute gjer no ein kjempeinnsats for ruste oss opp mot potensielle utbrot, og vi har lagt gode planar for moglege situasjonar, forklarar ordføraren som har hatt fleire møte med krisestaben dei siste dagane.

Her har kommunen kome fram til fleire tiltak som er innført. Etter å ha opplevd stor pågang frå folk er det mellom anna oppretta ein eigen informasjonstelefon og mail-adresse der folk kan få svar på spørsmål dei har. Telefonnummeret er 46 91 53 60 og e-post-adressa er korona@heroy.kommune.no. Elles vert folk oppmoda om å sjekke heimesida til kommunen der dei tilsette til ei kvar tid prøver å gjere opp status.

– Ikkje reis på hytta

– På noverande tidspunkt er det viktigaste vi kan gjere å hindre smittespreiing. Folk som er i karantene vert bedne om å halde seg til dei reglar og råd som vert gitt av helsemyndigheitene, seier Herøy-ordføraren.

Han er også klar på at alle herøyværingar må halde seg unna hytta om ho er i ei anna kommune.

– Vi må bli heime og unngå all unødig reising. Eg veit at her er mange er ute som har hytter til dømes i Styn der ein har smittetilfelle. Til alle hytteeigarar: Eg ber dykk innstendig om å gjere som de vert bedne om. Bli heime! Det er på denne måten vi kan klare å unngå at dette blir verre.

Prytz registrerer vidare at folk har byrja å hamstre.

– Som bransjen sjølv forklarar, det er ikkje nødvendig å hamstre mat. Der er nok til alle så lenge folk ikkje kjøper meir enn det dei treng.

Til slutt kjem Prytz med ein liten appell til alle:

– No har vi sjansen til å vise kva som bur i oss, og vise ei heilt naudsynt dugnadsånd. Ta ansvar, ver solidariske. Er du i tvil, ta ein telefon for mykje. Lurer du på om nokon treng hjelp, ring dei. Vilja til å hjelpe ein nabo er sterk i vårt lokalsamfunn, og eg veit at herøyværingar gjer kva dei kan for kvarandre når tida vert tøff.

Måtte stenge ned legesenteret i Myrvåg

Før avisa gjekk i trykken måndag kom der inn melding frå kommunen om at Myrvåg legesenter inntil vidare måtte stengast ned for desinfeksjon. Samstundes kom kommunen med ei viktig melding til alle:

– Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale!

Dette er heilt naudsynt for å verne helsepersonell frå smitte.