Slutt på manuell betaling på ferjene

Det er slutt på manuell betaling på alle ferjene i Møre og Romsdal.

IKKJE MEIR SLIKT: Slik føregjekk betalinga på Larsnes-sambandet og andre fylkesvegferjesamband fram til fylkeskommunen sette ned foten for manuell betaling søndag 15. mars.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

I praksis inneber dette inntil vidare at det er gratis å reise med ferje, i alle fall på dei ferjene som ikkje har automatiske betalingsløysingar.

- Det er starta et arbeid for å finne alternative løysingar på billettering med innføring så snart som mogleg. På fylkesvegferjene i Møre og Romsdal er det pr. i dag mest aktuelt med ei løysing med automatisk skiltlesing, heiter det frå Møre og Romsdal fylkeskommune søndag 15. mars.

- Transport er kritisk for at samfunnet vårt skal fungere. Da er det viktig at vi beskyttar dei som jobbar i transportbransjen og at vi ikkje bidreg til å spreie smitte, seier seksjonsleiar Jesper Wiig i Fram.

Kritiske billettørar

Vestlandsnytt har siste dagane vore i kontakt med fleire billettørar som meiner det er kritisk å få på plass andre løysingar enn manuell betaling.

-Det handlar om oss som transportørar, men også med tanke på dei reisande. Betaling med kort, frå bil til bil, person til person, kan vere den reinaste smittebomba, sa ein Norled-tilsett til Vestlandsnytt før helga.

Etter det vi skjønar har utfordringa med potensiell smitteoverføring ved manuell betaling har vore ei "heit sak" siste dagane, med koronasituasjonen som bakteppe, der ein veg økonomiske og praktiske omsyn opp mot helsefaren.

Statens Vegvesen har innført same ordning - slutt på manuell betaling - på riksvegferjene. Her har fleire samband frå før Autopass, og den betalingsordninga er som kjent automatisk.

Stenger framdøra på bussane

Laurdag 14. mars bestemte fylkeskommunen nye retningslinjer for betaling på bussar. For å verne sjåførane mot smitte blir framdørene på bussane stengde.

- Framdørene på bussane til FRAM er no stengde. Dette er gjort for å skåne sjåførane frå smittefare ved direkte kundekontakt. På den måten vernar vi om sjåførane si helse og bidrar og til at vi kan oppretthalde kollektivtilbodet i denne perioden, heiter det frå fylkeskommunen.

Reisande med buss må bruke bakdør ved på- og avstiging. Stengde framdører betyr ikkje at passasjerar kan reise gratis med buss, presiserer fylkeskommunen, som syner til betalingskanalar som reisekort med gyldig periodebillett og mobilappen FRAM.