Siste oppdatering frå Herøy om koronaviruset

Under finn du siste nytt om koronaviruset frå Herøy kommune. Vi held saka oppdatert.

 

Nyhende

Oppdatering 8.mai

Det er ikkje meldt om nye påviste tilfelle av koronavirus i Herøy pr. 08.05.20.

Pr. 08.05.20 er det til saman teke 242 testar i Herøy.

Siste positive prøve vart registrert 27.03.20.

Av dei fire personane som er busette i Herøy som til no har testa positivt på prøvene, er tre personar no heilt friske og ein fjerde person vart utskriven frå sjukehus 30.04.20.

Den første personen som testa positivt på koronaviruset fekk vi melding om 24.03.20.

Oppdatering fredag 17. april:

Smittesituasjon: Det er ikkje meldt om nye påviste tilfelle av koronavirus i Herøy pr. 17.. april. Siste positive prøve vart registrert 27. mars.

Av dei fire personane som er busette i Herøy som til no har testa positivt på prøvene, er ein person no heilt frisk og ein annan er framleis innlagd på sjukehus.

- Per 17. april er det til saman teke 163 testar i Herøy. Alle nødvendige tiltak rundt dei som har testa positivt er sette i verk. Den første personen som testa positivt på koronaviruset fekk vi melding om 24. mars. Vi gjer framleis merksam på at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa, opplyser kommunen.

Oppdatering laurdag 11. april 18.00

Det er ikkje meldt om nye påviste tilfelle av koronavirus i Herøy pr. 11.04.20.

Av dei fire personane som er busette i Herøy som til no har testa positivt på prøvene, er ein person no heilt frisk og ein annan er framleis innlagd på sjukehus.

Pr. 11.04.20 er det til saman teke 151 testar i Herøy. Det vert utført testar også i påska når det er nødvendig.

Oppdatering onsdag 8. april 12:00

Det er ikkje meldt om nye påviste tilfelle av koronavirus i Herøy pr. 08.04.20.

Av dei fire personane som er busette i Herøy som til no har testa positivt på prøvene, er ein person no heilt frisk og ein annan er framleis innlagd på sjukehus.

Pr. 08.04.20 er det til saman teke 151 testar i Herøy. Det vert utført testar også i påska når det er nødvendig.

Oppdatering måndag 6. april 13:21

Det er ikkje meldt om nye påviste tilfelle av koronavirus i Herøy pr. 06.04.20.

Av dei fire personane som er busette i Herøy som til no har testa positivt på prøvene, er ein person no heilt frisk og ein annan er framleis innlagd på sjukehus.

Pr. 03.04.20 er det til saman teke 147 testar totalt.

Oppdatering søndag 5. april 13.25:

Søndag ettermiddag melder Herøy kommune at det ikkje er registrert nye smittetilfelle siste dagane.

- Av dei fire personane som er busette i Herøy som til no har testa positivt på prøvene, er ein person no heilt frisk og ein annan er framleis innlagd på sjukehus, skriv kommunen.

Det er no teke 147 koronatestar i Herøy.

Kommunen gjer merksam på at det kan vere mørketal.

Oppdatering torsdag 2. april 17.00:

Herøy kommune melder torsdag ettermiddag at det ikkje er påvist nye tilfelle av koronasmitte i kommunen. Samstundes er ein av dei fire personane som har fått påvist smitte no blitt frisk. Ein annan person er framleis innlagt på sjukehus.

Totalt er det no teke 141 testar ved legesentera i Herøy.

Oppdatering tysdag kveld:

I løpet av tysdag vart det teke to nye testar ved legesentera i Herøy. Totalt er det no teke 133 testar. Fire personar har fått påvist koronasmitte, og ein av desse er innlagt på sjukehus.

Set i verk lokale smitteverntiltak for idrettsanlegg, ballbingar og turstiar

Seint måndag kveld melde Herøy kommune at smittevernoverlegen har gjort vedtak om at det skal settast opp skilt om gjeldande hygienereglar ved alle utandørs idrettsanlegg, ballbingar og tur-fjellstiar i kommunen.

Vedtaket er gjort med heimel i smittevernlova § 4-1, 1 ledd bokstav a, jmfr. § 4-1, 5 ledd, og er gjeldande frå måndag 30. mars.

Presisering 31.03.20: Vedtaket gjeld også leikeplassar ved skular, barnehagar og den ved Thon Hotel Fosnavåg.

Bakgrunnen for vedtaket

Kommunen skriv dette om vedtaket:

Regjeringa og helsestyresmaktene har forlenga gjeldande nasjonale smitteverntiltak fram til 13.04.20. Lokale styresmakter kan i medhald av smittevernlova § 4-1, 1 ledd vedta andre tiltak som lokalt vert vurdert som nødvendig for å ivareta smittervernet i kommunen. Kommunelegen/smittevernoverlegen kan i medhald av SML § 4-1, 5 ledd utøve kommunestyret sitt mynde i hastesaker.

Covid-19 smitte er no påvist i alle kommunene på Søre Sunnmøre. Det er og påvist lokal smitte som såleis ikkje har sitt utgangspunkt i utlandet eller anna stad i landet. Den lokale smitteutbreiinga vert best avgrensa ved å følgje dei nasjonale råd for hygiene, reiser og personleg adferd. Denne avgrensinga kan og styrkast gjennom lokale tiltak.

Idrettshallar, symjehallar osv er stengt gjennom nasjonalt vedtak. Idrettsbaner, ballbingar osv. er ikkje underlagt dette vedtaket. Dei generelle råd om å vere berre små grupper (<5) samla og ha god avstand gjeld her. Å stenge utandørs baner og ballbingar vil vere eit uforholdsmessig tiltak då ein samstundes med strenge smitteverntiltak oppmuntrar til å vere ute og drive fysisk aktivitet. Det er difor viktig å få fram informasjon om dei generelle råd som gjeld: små grupper (2-3), god hygiene og god avstand på det einskilde anlegg.

Herøy har fleire turstiar og fjellvegar som er lett tilkomeleg. Dette gjeld ma Rundefjellet, på Nerlandsøy, Leinøy, Gurskøy, turstiane på Heid og Leikong, og fjellvegane på Moltufjellet. I den komande påskeferien kan ein rekne med ytterligare auke i trafikken på desse, særleg om veret vert fint, heiter det.

Oppdatering måndag 30. mars klokka 21.57:

I løpet av måndag 30. mars vart det teke tre nye koronatestar i Herøy. Til saman er det no teke 131 testar. Fire personar har fått påvist koronasmitte i Herøy, og av dei er ein innlagt på sjukehus.

Oppdatering måndag 30. mars klokka 16.30:

Måndag ettermiddag melder kommunen at ein fjerde person no har fått påvist smitte av koronaviruset. Av dei tre allereie kjente smittetilfella er ein person innlagt på sjukehus.

Kommunen gjer framleis merksam på at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria. Det er elles teke totalt 126 testar.

Reiseråd for smittevern i Herøy

Dei lokale karantenereglane for Herøy gjekk ut 27.03.20 kl. 24:00 i samsvar med råd frå fylkesmannen.

- Dette gjer vi mellom anna fordi vi no har fleire tilfelle av Covid-19 i kommunane på Søre Sunnmøre. Det viktige no er å avgrense smitteutbreiinga lokalt, og å halde fast på og presisere dei hygiene- og reiseråd som helsemyndigheitene gir.

Det skriv Herøy kommune på sine heimesider laurdag føremiddag.

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen presiserer:

  • Ved innreise frå utland gjeld nasjonale reglar om karantene i 14 dagar etter innreise
  • Fritidsreiser bør avgrensast til eit minimum, dette gjeld mellom anna reiser i samband med påskeferie
    • Hugs at du kan ta med deg smitte
    • Hugs at du kan verte smitta under reise
    • Hugs at du kan smitte dei du besøkjer
  • Arbeidsreiser og reiser for å utføre samfunnskritiske funksjonar kan gjennomførast, men det gjeld same hygieneråd ved slike reiser som elles
  • Personar som er i karantene som følgje av dei lokale karantenereglane for perioden 20. -27.03.20, kan avslutte karantenen. Hugs likevel på dei hygiene- og reiseråd som gjeld uansett.


Opphøyr av lokal karantene

Det lokale vedtaket om avgrensing av innreise til Herøy opphøyrer. Vedtaka gjeld til midnatt 27. mars. Frå 28. mars er det dei nasjonale reglane om karantene som gjeld.

Tre personar smitta i Herøy

I løpet av fredag 27. mars vart det teke seks nye testar hos legesentera i Herøy. Til saman er det teke 126 testar totalt.

- Vi har tre positive prøver av personar busette i Herøy kommune per 27. mars. Ein person er innlagd på sjukehus.

Alle nødvendige tiltak er sett i verk.

Oppdatering torsdag 26. mars:

Korona-smitta nummer to i Herøy

Torsdag i tolvtida kunngjorde Herøy kommune at dei har fått sitt andre stadfesta korona-tilfelle.

- Ein person til har testa positivt på koronaviruset i dag, 26. mars. Alle nødvendige tiltak er sett i verk, heiter det frå kommunen.

Dermed har Herøy - tilliks med nabo Sande - to stadfesta koronapasientar.

Til saman 103 personar er testa hos legesentera i Herøy.

- Vi gjer framleis merksam på at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria, heiter det frå kommunen.

100 testa, éin smitta

100 personar er testa til no. To testar siste døgn.

Éin person busett i Herøy har testa positivt på koronaviruset. Det fekk vi melding om 24.03.20.

24. mars: Éin person smitta i Herøy

Éin person i Herøy har testa positivt på koronaviruset.

Det opplyser Herøy kommune på sine heimesider tysdag kveld.

– Pasienten opplyser å vere på betringas veg. Pasienten og familien er i isolasjon slik retningslinjene tilseier. Familien eller er friske, men det vert i morgon gjennomfør testar av dei også, heiter det i statusoppdateringa.

Til no er 95 personar testa for koronaviruset i Herøy, av dei tre det siste døgnet.

Kommunen understrekar elles at det kan vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria.

94 testa, ingen smitte

23. mars klokka 17.00 melder smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen at det framleis ikkje er påvist smitte i Herøy. Det betyr ikkje at det ikkje kan vere store mørketal.

Det vart utført totalt 12 testar laurdag. Så langt er totalt 94 personar blitt testa i Herøy.

Status laurdag 21. mars (føremiddag):

Herøy innfører nye karantenereglar.

Vedtaket lyder slik:

I medhald av smittevernlova §4-1 bokstav d vert det for tidsrommet 20.03.- 27.03.20 innført følgjande karantenereglar for tilreisande til Herøy kommune:

Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem til Herøy kommune frå̊ fylka; Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.

Personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar (jmfr DSB sin liste over samfunnskritiske funksjonar) er unnateke krav om karantene.

Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unnateke krav om karantene.

Vedtaket vert gjort gjeldande for reisande som kjem til Herøy frå område nemnde i pkt. 1a i perioden 20.03–27.03.20.

72 testa, ingen smitte

Ei oppdatering frå kommunen laurdag 21. mars klokka 09.46 fortel at det framleis ikkje er påvist smitte i Herøy. Som tidlegare vert det streka under at det kan vere store mørketal, så det berre eit bestemt utval personar som i dag vert testa for smitte. 72 herøyværingar er til no testa.

Status 20. mars kl. 11.36:

Smittesituasjon: Det er ikkje påvist smitte av koronavirus i Herøy. Det kan likevel vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria.

54 personar er testa til no (tal per 20.03.20, kl. 09.20). Ingen positive prøver.

Status 19. mars kl. 09.00:

Smittesituasjon:

Det er ikkje påvist smitte av koronavirus i Herøy. Det kan likevel vere mørketal, då ikkje alle vert testa etter endringane i dei nasjonale testkriteria.

(Seinare torsdag ettermiddag var det framleis ikkje meldt om stadfesta smittetilfelle i Herøy, red. mrk.)

Oppdatering: 17. mars klokka 11.30:

Kommunen har bestemt å stoppe generell fakturering for barnehage og SFO for april inntil vidare.

Faktura for mars er allereie sendt ut, med betalingsfrist 20. mars. Denne skal betalast, men vert avrekna på seinare faktura for manglande tenester etter 13. mars, opplyser kommunen. Dei som har barn i omsorgstilbod, vert fakturert for den tenesta dei får.

Status 17.03. 09.21:

Herøy kommune skriv følgjande:

Det er ikkje påvist smitte av koronavirus i Herøy.

Helsedirektoratet har vedtatt stenging av ei rekkje verksemder for å stoppe spreiing av koronaviruset (covid-19). Vedtaket gjeld frå måndag 16. mars 2020. Desse verksemdene vert omfatta av vedtaket.

I Herøy kommune er barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, vaksenopplæring og kulturskule stengde frå 13.03.20. Les meir her.

Informasjon om heimeskule i Herøy i perioden skulane er stengde grunna smittefare finn du her.

Unntak: For å halde oppe verksemd i helse- og omsorgstenesta og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper brukast til barnevakt.

  • Lokalt tilbod til barn med foreldre som arbeider i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar
  • Lokalt tilbod til barn med særskilde omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

I praksis vil dette gjelde:

  • Reinhaldarar i kommunale bygg: behov for reinhald meldast reinhaldsleiar.
  • Helsepersonell i direkte pasientarbeid: behov skal meldast via seksjonsleiar til avdelingsleiar (i linja) for vurdering og vidare informasjon til barnehage og skule.
  • Alle andre tilsette må ta kontakt med sin arbeidsgjevar for ei vurdering om det er kritisk at vedkomande er på jobb. Deretter tek arbeidsgivar kontakt med rektor/styrar på aktuell SFO/barnehage. Den enkelte tilsette skal ikkje sjølv ta kontakt.

Usikker på om din jobb vert rekna som ein samfunnskritisk funksjon?

Under finn du tilrådinga frå helsestyresmaktene om kva jobbar som vert rekna som ein samfunnskritisk funksjon:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka
  • Forsyningstryggleik: Sjåførar, lagerarbeidarar, tilsette ved distribunaler og lager, tilsette ved drivstoffterminalar og -anlegg, tilsette i sentrale administrative funksjonar, tilsette i fôrindustrien, tilsette i husdyrproduksjon, fiskeri og havbruk, veterinærar som arbeidar med husdyr, fiskeri og havbruk, tilsette i næringsmiddelindustrien og butikk- og bensinstasjonstilsette.

Kommunen håpar at alle er med på ein felles dugnad for å hindre smittespreiing. Då det er vårt mål å samle så få som mogleg samstundes.

Skulen vil halde oppe eit undervisningstilbod heime via digitale verktøy og arbeidsplanar. Dette vert handtert av den enkelte skule og ytterlegare informasjon vil kome frå rektor til dei det gjeld. Meir informasjon kjem fredag 13. mars etter ytterlegare oversikt og planlegging.

Det vert også forbod mot:

  • Kulturarrangement
  • Idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs
  • Verksemder i serveringsbransjen, som omfattar restaurant, bar, pub og uteliv, unntak er serveringsstad der det går føre seg servering av mat, det vil seie kantiner eller spisestadar som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst ein meters avstand. Servering av mat kan ikkje skje som buffé.
  • Treningssenter
  • Frisør, hudpleie, massasje, kroppspleie, tatovering, piercing og liknande
  • Symjehallar, badeland og liknande

I praksis betyr dette at følgjande bygg er stengde for publikum:

  • Rådhuset
  • NAV
  • Sunnmørsbadet
  • Alle idrettsanlegg
  • Kulturhus/bibliotek/frivilligsentral

Stenging av bygg gjeld sjølvsagt også gymnastikksalar og skulebygg – også på kveldstid.

Det vert innført åtgangskontroll og besøksstans i helseinstitusjonar:

Dører på helseinstitusjonar (sjukeheimar, omsorgsbustader, avlastinga) vil vere låste. Det vil henge oppslag med telefonnummer til vakttelefon, for dei som vil inn.

Meir informasjon om åtgangskontroll og besøksstans i landets helseinstitusjonar her.

Elles vil pleie og omsorg vil arbeide for å halde oppe tenestestandard lengst mogleg. Om det blir reduksjon i tenester, vil både pasient og pårørande det gjeld bli kontakta direkte.

Meir informasjon om koronaviruset finn du på Helsenorge sine nettsider.

Reglar av omsyn til samfunnet og innbyggjarane

Herøy kommune oppmodar kvar enkelt innbyggjar til å ta situasjonen på alvor for eiga og andre si helse.

NB! I samband med pågåande smittespreiing av koronavirus: Ved mistanke om smitte, IKKJE møt opp på legekontoret. Ein ringe legekontoret eller legevakta 116117 først.

Innbyggjarane vert oppmoda om å følgje informasjonen frå kommunen via nettside, media og Folkehelseinstituttet sine råd for å førebyggje smitte og skjerme andre dersom ein er smitta eller i risiko for det.

Oppdatering 16.03. kl. 16.00

Myrvåg legesenter er no klarert og desinfisert. Dermed er legesenteret klart til opning tysdag.

Oppdatering 15.03. kl. 08.00

Sikring av liv og helse og å redusere spreiing av koronaviruset har no høgste prioritet. Herøy kommune innfører difor følgjande tiltak i legetenesta:

  • Ikkje møt opp til bestilte timar dersom det ikkje hastar (dei som ikkje møter til avtalt time vil ikkje verte belasta med gebyr).
  • Dersom du ikkje alt har avtale om time, skal du alltid ringe fastlege eller legevakt før du møter opp. Dersom du skal møte opp får du beskjed om når og kvar du skal møte. Ein del konsultasjonar kan gjerast over telefon eller video.
  • Kommunen vil unngå at det sit fleire personar på venterommet. Møt difor opp presis og forlat lokala så snart som mogleg etter at du er ferdig hos legen.
  • Legane kan få ulike oppgåver i tida framover. Det kan difor vere at du ikkje blir møtt av fastlegen din, men av ein av dei andre legane.
  • Testing for korona skal alltid avtalast, og du vil få nærmare beskjed om når og kvar du skal møte, og korleis du skal forhalde deg. Ved Herøy legesenter vil testing som hovudregel skje i garasjen ved Eggesbøtun, og ved Myrvåg legesenter utanfor legesenteret.
  • Legar som er friske, men i karantene, kan utføre ein del konsultasjonar frå heimekontor.

Det er stor telefontrafikk inn til legesentera. Kommunen har difor innført ei korona-teneste. Har du spørsmål om korona, skal du ringe tlf. 46 91 53 60 eller sende e-post til korona@heroy.kommune.no. Telefonlinja er open kvardagar kl. 9–14. Du kan også ringe den nasjonale informasjonstelefonen: 815 55 015.

Kommunen oppmodar om at folk fyrst les informasjonen på Herøy kommune sine heimesider før ein tek kontakt eller sender e-post. På heimesida finn du mellom anna informasjon om når du skal kontakte lege, om kven som skal testast og om karantene/isolasjon.

Smittesituasjon:

Det er ikkje påvist smitte av koronavirus i Herøy.

Oppdatering 14.03. kl. 14.00

Har du helsefagleg utdanning og/eller erfaring, men jobbar med anna i dag? Då ønsker Herøy kommune å høyre frå deg.

I første omgang er det oversikta kommunen treng. Derfor ber dei om at du tek kontakt. Skulle Herøy kome i ein situasjon der kommunen manglar folk, vil dei ta kontakt med deg.

Dei er ute etter alle med helsefag erfaring. Viss du er i tvil, registrerer deg, så gjer kommunen dei naudsynte vurderingane.

Oppdatering 13.03. kl. 22.00

Fredag kveld har kommunen sett i verk følgjander tiltak. I medhald av Smittevernloven § 4.1 b) og e) pålegg kommuneoverlegen butikkar og restaurantar i Herøy kommune;

  • Gjere ei vurdering på kor mange som kan vere inne i lokalet samtidig og ha kontroll på at det heile tida er færre i butikken/restauranten enn det maksimalt kan vere. Det skal vere minst ein meter mellom kundane.
  • Alle kontaktpunkt (dørhandtak, betalingsterminal ol.) må haldast mest mogleg reine med hyppig vask.
  • Kundane må oppmodast via informasjonsplakatar til berre å ta på dei varene dei sjølve skal kjøpe.

Vurdering:

Det er ein utfordrande smittesituasjon i Norge på grunn av koronavirus, liv og helse står på spel.

Oppdatering 13.03. kl. 16:28

Herøy folkebibliotek held stengt for å minske risikoen for spreiing av koronaviruset jf. råd frå kommune og helsemyndigheiter.

– Vi beklagar ulempene dette medfører for besøkande til biblioteket, men reknar med at de har forståing for situasjonen. Har du lånt bøker eller andre ting du skal levere mens vi har stengt? Det treng du ikkje å bekymre deg for. Alle lån blir forlenga mens vi held stengt, og det vil heller ikkje kome purringar frå Herøy folkebibliotek, skriv kulturleiar Eileen Gjerde.

Har du bestilt bøker som du ikkje rakk å hente før vi måtte stenge? Då blir hentefristen utsett, og når dei opnar igjen vil du finne det du har bestilt på hentehylla. Har ein spørsmål kan folk ta kontakt med biblioteket på e-post.

Status 13.03.20 kl. 11.44:

  • Ingen påvist smitte i Herøy
  • Herøy kommune har fått på plass ei eiga kontaktteneste for innbyggjarane i Herøy
  • Kommunen har fått klarare retningslinjer på kven som har rett på barnepass i tida framover og korleis dei organiserer dette

Helsepersonell vil svare på spørsmål mellom kl. 09.00 – 14.00 måndag – fredag. Kor raskt ein vil få svar, er avhengig av kor stort trykk det vert på tenesta, men vi vil svare deg så raskt som råd. Folk er velkomen til å ta kontakt på følgjande e-postadresse: korona@heroy.kommune.no. Tenesta er for generelle spørsmål. Ikkje del sensitiv informasjon på e-post.

Status Torsdag 12.03

Herøy kommune skriv dette på sine heimesider:

Barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, vaksenopplæring og kulturskule er no stengt. Les meir her.

Unntak: for å halde oppe verksemd i helse- og omsorgstenesta og andre kritiske samfunnsfunksjonar og unngå at personar i risikogrupper brukast til barnevakt.

  • Lokalt tilbod til barn med foreldre som arbeider i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar
  • Lokalt tilbod til barn med særskilde omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

I praksis vil dette gjelde:

Reinhaldarar i kommunale bygg: behov for reinhald meldast reinhaldsleiar.

Helsepersonell i direkte pasientarbeid: behov skal meldast via seksjonsleiar til avdelingsleiar (i linja) for vurdering og vidare informasjon til barnehage og skule.

Andre: Skal meldast direkte til styrar/rektor ved barnehagen eller skulen.

  • Brann, politi, transport, kommunal byggdrift og kommunal teknisk vakt
  • Kommunal kriseleiing
  • Kommunale leiarar som skal organisere andre tenestetilbod under stenging

Skulen vil halde oppe eit undervisningstilbod heime via digitale verktøy og arbeidsplanar. Dette vert handtert av den enkelte skule og ytterlegare informasjon vil kome frå rektor. Meir informasjon kjem fredag 13. mars etter ytterlegare oversikt og planlegging.

Forbod mot:

  • Kulturarrangement
  • Idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs
  • Verksemder i serveringsbransjen, som omfattar restaurant, bar, pub og uteliv, unntak er serveringsstad der det går føre seg servering av mat, det vil seie kantiner eller spisestadar som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst ein meters avstand. Servering av mat kan ikkje skje som buffé.
  • Treningssenter
  • Frisør, hudpleie, massasje, kroppspleie, tatovering, piercing og liknande
  • Symjehallar, badeland og liknande

I praksis betyr dette at følgjande bygg er stengde for publikum:

  • Rådhuset
  • NAV
  • Sunnmørsbadet
  • Alle idrettsanlegg
  • Kulturhus/bibliotek/frivilligsentral

Det vert innført åtgangskontroll på helseinstitusjonar:

  • Dører på helseinstitusjonar (sjukeheimar, omsorgsbustader, avlastinga) vil vere låste. Det vil henge oppslag med telefonnummer til vakttelefon, for dei som vil inn.

Vidare arbeidast det med å få opp eiga telefonlinje og e-postadresse som skal brukast til spørsmål rundt koronaviruset. Det kjem informasjon om dette når det er klart.

Det oppmodast om at alle som kan arbeide på heimekontor, gjer dette i avtale med næraste leiar.

Vi oppdaterer situasjonen kontinuerleg.