Janne, Ingrid og Tina fylgjer draumen:

Opnar eigen butikk i Fosnavåg

Med stor skaparglede som grobotn har Janne Solheim, saman med døtrenene Ingrid Åse Bøe Solheim og Tina Solheim, bestemt seg for å opne eigen butikk i Fosnavåg, IJT Hobby.

Gjer jobb av hobbyen: (F.v.) Tina Solheim, Ingrid Åse Bøe Solheim og Janne Solheim opnar eigen hobbybutikk i Fosnavåg. Her ser vi dei vise fram litt av kva dei sel. Verksemda fokuserer seg kring sy-oppdrag, strikking og trykk på koppar og tekstil. Herøyværing-luene, som Ingrid Åse held opp, har fått tekst i refleks. 

Nyhende

– No prøvar vi, og så ser vi korleis det utartar seg. Om det går, så er det kjempeflott. Går det ikkje, har vi i alle fall prøvd.