Britts Frisørsalong har fusjonert med Saxett:

– I lag har vi mykje erfaring

For frisørane Britt Johanne Valø og Tanja Ørnhaug Solem blei det litt symbolsk å samle seg under eitt tak på Eggesbø.

Britt Johanne Valø og Tanja Ørnhaug Solem: Desse damene har no slått saman sine ressursar og opna felles frisørsalong under Saxett-namnet. Dei held til i same lokale som Valø har drive frisørsalong i sidan 1997 på Eggesbø. Dette ser dei som ein fordel då salongen ligg sentralt med gode tilkomstmoglegheiter for alle og ein kvar. 

Det blir meir sosialt på arbeidsplassen og vi kan slarve litt på bakrommet

Britt Johanne Valø
Nyhende

Dei to erfarne Herøy-frisørane, som høvesvis har drive Britts Frisørsalong og Saxett, bestemte seg nyleg for å slå saman ressursane sine. Valø har gått inn på eigarsida av Ørnhaug Solem si bedrift, og samla seg under Saxett-namnet. Torsdag opna dei sin «nye» frisørsalong på Eggesbø, i same lokala som Britts har haldt til sidan 1997. Her har dei to frisørane i det siste vore opptekne med å gjere alt i stand til opningsdagen.