Ja og nei i 1972

Spørsmålet om norsk medlemskap i Fellesmarknaden utløyste den største politiske masserørsla i norsk historie etter 1945. Ein verbal borgarkrig mellom ja- og nei-folk kom til å prege den norske samfunnsdebatten.

NEI-FOLK: I august 1972 opna nei-folket i Herøy informasjonskontor i Feiebuda i Fosnavåg. På biletet, som er frå opningsdagen for snart femti år sidan, ser vi Arne Voldnes, Arnstein Warholm og Johs. Wike. FOTO: HARALD THORSETH 

Det spissa seg skikkeleg til. «Pappskallar», «grauttjukke i skolten», «ekko frå Goebbels sitt propagandaministerium» og «spirrevippar» var ord og nemningar som vart brukte då striden var på det hardaste.

Nyhende

For nei-sida var den nasjonale sjølvråderetten og suvereniteten sjølve stjerneargumentet. EF var ein «overnasjonal» organisasjon med rett til å gripe bindande inn i indre tilhøve i medlemslanda. Stortinget ville ikkje lenger vere suverent til å avgjere kva som skulle vere lovleg i Norge. Det vart spela på nasjonale strengar.