Valaker i Fosnavåg trong eit lyft

No har dei fornya seg

Valaker Bakeri & Konditori sin butikk i Fosnavåg er først ut når kjeda no fornyar seg. Fredag var det nyopning med fullt hus.

Klas­sisk og tra­di­sjo­nelt: Slik vil Val­aker Ba­ke­ri & Kon­di­to­ri AS pro­fi­le­re seg. I til­legg til nytt de­sign på mark­nads­inn­hald og in­te­ri­ør, har dei fått litt nytt på me­n­yen. Alle foto: Jo­se­fi­ne Spiro 

Nyhende

– Eg trudde ho var i Ålesund, seier kafégjest Torill Slenes og siktar til venninna, Ursula Larsen. Men nei; dei mørke veggane og dei lune tremøblane på bildet ho sendte til Torill var å finne på ein plass dei begge har vore mange gongar før: Det lokale konditoriet.