Fekk nytt dykker- og servicefartøy

Frøy Vest har overteke eit nytt dykker- og serviefartøy og kontraherte samtidig eit fartøy til av same sorten.

OVERLEVERT: Frøygard blei denne veka levert frå Hukkelberg Boats på Aukra til Frøy Vest i Ulsteinvik. 

Nyhende

– For å levere tenester på ein sikker og effektiv måte, treng vi godt utstyr. Frøygard blir no eit viktig verktøy framover for å oppfylle forventingane som kundane har til oss.

Det seier dagleg leiar Joar Gjerde i service- og dykkerbåtselskapet med base i Ulsteinvik. Han fortel at søsterskipet skal vere leveringsklart til sommaren. Nykontraheringa blir båt nummer tre til Frøy Vest frå Hukkelberg Boats på Aukra.

Frøygard er utstyrt med fullintegrert dykkesystem, fjernstyrt undervassfarkost og har elles alt som trengst av utstyr for å utføre det meste av undersjøiske inspeksjons-, service og vedlikehaldsoperasjonar.