Sparebank1 Søre Sunnmøre leverer historisk resultat

Foreløpige rekneskapstal for 2019 viser eit ordinært resultat før skatt på 176,9 millionar kroner for Sparebank1 Søre Sunnmøre. I 2018 var talet 112,1 millionar kroner. Styret i banken foreslår å sette av 15 millionar kroner til gode tiltak i regionen.

Stig Brautaset: Administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre  Foto: Marius Beck Dahle

Nyhende

– Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. 2019-rekneskapen kjenneteiknast ved at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift. Dette kjem både kundane, eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode, seier administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, i ei pressemelding.

Eigenkapitalavkastninga var 12,7 prosent, opp frå 8 prosent. Styret har lagt fram eit forslag til kontantutbytte på 8,00 kroner per eigenkapitalbevis, totalt 8. mill. kroner.

Utlånsvekst

Banken har hatt ein utlånsvekst på 9,8 prosent dei siste 12 månadane. Denne fordelar seg på 9,6 prosent på personmarknaden, og 10,7 prosent i bedriftsmarknaden. Veksten i personmarknaden er dobbelt så stor som den generelle veksten i marknaden, ifølgje Brautaset.

2019-rekneskapen viser elles at banken aukar sine lån og inntekter, medan kostnadane held seg stabilt.

Forventar tøff konkurranse i 2020

Banken ser på 2020 som eit år der den positive utviklinga i arbeidsmarknaden vil halde seg opp, men det blir truleg avtakande vekst i investeringar og lågare gjeldsvekst samanlikna med 2019.

– Med bakgrunn i forventningar om lågare vekst i norsk økonomi, lågare etterspørsel etter utlån og regulatoriske endringar forventar styret framleis tøff konkurranse på utlånsvolum og marginar i 2020, avsluttar Brautaset.