Til fare for brøytebilen?

Kumlok 

Nyhende

Om det skulle kome snø som tilseier at brøytebilen må ta seg ein sving utom Kvalsvika, kan sjåføren lett få seg ei overrasking. Her stikk nemleg eitt kumlok tre centimeter over asfalten ved innkøyrsla til Leitevegen 39 på Kvalsvikeidet. Meldaren, som også har teke bildet, viser til at det ikkje er så mange åra sidan vegen blei asfaltert. «Skrekk og gru om plogen kjem no», skriv vedkomande.