Elsa for fint åt i både Herøy og Sande, men…

- Det var heilt på grensa

Ekstremvêret Elsa ser ikkje ut til å ha gjort store skader i Herøy eller Sande. Floda blei rett nok høg, men rolege vêrforhold gjorde at begge kommunane kom relativt tørrskodde frå det.
Nyhende

Natt til tysdag og tysdag ettermiddag inntraff ekstremvêret Elsa sunnmørskysten. Det var godt merkbart på vasstanden, som fleire stadar kom over kaikanten. Heldigvis nådde ikkje vasstanden så høgt som ein hadde frykta. I Fosnavåg var ho på sitt høgaste tysdag natt klokka 00:20. Då var ho 294 cm.