Snart kjem tilbodet mange har etterlyst i Fosnavåg:

Lanserer Ah! Sport Lounge

Ann-Helen Karlsen ville eigentleg starte kafé, men etter litt tenketid har ho bestemt seg for å heller satse på eit tilbod som herøyværingane lenge har ønskt seg.

ANN-HE­LEN KARLSEN: Ho hå­per det vil vere til gle­de for man­ge når ho op­nar Ah! Sport Lounge i Fos­na­våg sentrum om ein må­nads tid. Før den tid står det att ein god del ar­beid, men Ann-He­len er på in­gen måte redd for å ta i eit tak.   Foto: Sti­an Lang­lo Dri­ve­klepp

Det skal vere ein plass for alle, også damene.

Ann-Helen Karlsen
Nyhende

– Den generelle interessa i Herøy for eit slikt tilbod har sjølvsagt hatt mykje å seie. Ein sportsplass i Fosnavåg har vel vore diskutert sidan 2006. Men det er viktig å presisere at dette ikkje skal bli ein sportsbar, men ein sportslounge. Det skal vere ein plass for alle, også damene.