Geir Johan Bakke er ny hovedaksjonær og dagleg leiar i Frøystad AS

Geir Johan Bakke kjøpar 45% av Frøystad AS og tek samstundes over som både dagleg leiar og styreleiar i Herøy-selskapet.

Hallgeir Frøystadvåg, Geir Johan Bakke, Per Frøystad og Cherry He Li  Foto: Frøystad AS

Nyhende

Dette opplyser Frøystad AS i ei pressemelding måndag. Det er Per Frøystad som sel aksjane til Bakke. Han vil sitte att med 15 % av selskapet og gå over i ei deltidsstilling som rådgivar. Dei andre aksjonærane er salssjef Hallgeir Frøystadvåg med 25 % og innkjøp- og logistikksjef Cherry He Li med 15 %.

– Eg ser Frøystad AS som eit spennande selskap med gode produkt og eit selskap som kan vise til god vekst og lønnsemd over tid. Frøystad AS har eit veldig godt utgangspunkt for vidare vekst, og eg ser fram til å arbeide saman med alle dei dyktige personane som er i selskapet, deira kundar og leverandørar, seier Geir Johan Bakke i pressemeldinga.

Frøystad AS leverer som kjent utstyr til oppdrett og fiskeri og hadde i 2019 ei omsetjing for ca. 42 millionar. Dei har i dag 24 tilsette og held til i Frøystadvågen. Bedrifta har som intensjon og klar målsetjing at det skal bli positivt for alle interessentar til Frøystad AS, enten det er dei tilsette, kundar eller leverandørar.

Per Frøystad seier elles i ein kommentar at han er svært glad for at Geir Johan kjem inn som dagleg leiar og aktiv eigar i Frøystad AS.

– Han passar svært godt inn med sin bakgrunn som leiar i det maritime miljøet. I tillegg har vi også fått vidareføre det fine med Frøystad AS – med alle eigarar inn som aktive eigarar i den daglege drifta. Frøystad AS har alltid hatt kreative tilsette som har utvikla bedrifta og produkt til det beste for kvalitet beviste kundar – som nye eigarar vil framleis ha fokus på i framtida, seier han.