Kunsten å vere mor

Med det same eg hadde laga overskrifta skjøna eg at eg segla inn i ureint farvatn. Kva veit vel eg om det å vere mor? Men eg tek sjansen, og kastar meg ut på djupt vatn.

Mor: Framleis manglar vi menn nokre eigenskapar på viktige område, som kvinner har, skriv vår faste kåsør, Knut Arne Høyvik.   Foto: Creative Commons

Ho har så mange situasjonar som skal passast på at ho har ei radarantenne som sveipar 360 grader rundt.

Nyhende

For søndag er det morsdag, og vonde tunger vil ha det til at det er handelsstanden som har funne opp både morsdagen og farsdagen. Denne påstanden har eg høyrt så lenge eg kan hugse. Då eg gjekk på barneskulen, var det likevel ikkje tvil om at vi skulle heidre mor med eit sjølvlaga kort.