Fosnavågrevyen fem år!

Klare for jubileumsshow

Alt ligg til rette for fullt hus når gjengen i Fosnavågrevyen inviterer til den 5. versjonen av det forrykande showet 14. og 15. februar.

Revygjengen: Bak frå venstre: Gunn Nerland, Sæmund Helde, Britt Inger Gusdal, Thomas Frekøy Skeide, June Pettersen, Lise Indreeide Kvalsvik, Elias Warholm Nærø, Frode Ryssevik, Linda Karin Eidem, Thomas Sporsheim og Mona Ryssevik. Framme: Siv Anita Hermansen, Audhild Kvalsvik og Karl Petter Sortehaug. 

Nyhende

– Som de veit, må vi handle før det er for seint.

Ordførar Bjørn Prytz alias Frode Ryssevik har teke ordet i formannskapet på Fritidsklubben i Herøy kulturhus. Saka dei meir eller mindre engasjerte lokalpolitikarane har fått på bordet handlar om korleis dei skal auke folketalet i Herøy. Bjarne Kvalsvik (Sæmund Helde) snakkar om bruer, medan Tine Storøy (Gunn Nerland) tenkjer at barnehagar – og helst private – er løysinga. Camilla Storøy (Audhild Kvalsvik) har elles tru på ei meir naturleg løysing, nemleg å oppmode folk om å lage fleire ungar sjølve. Ingvill Sævik Bjørneset (Linda Eidem), som har fått ein gul lapp av Svein Gjelseth, stiller seg 100 prosent bak det som er sagt.

Formannskapsmøte: Her ser vi Lise Indreeide Kvalsvik som sekretær og Frode Ryssevik som ordførar Bjørn Prytz. 

Same ramme – nytt innhald

Ein sketsj om formannskapet er blitt fast innslag i Fosnavågrevyen. Ramma for showet er også den same, med humor basert på lokale nyheiter frå året som gjekk. Men alt innhaldet er sjølvsagt nytt. Til dømes har «Innovasjonskoret» frå i fjor gitt seg og starta noko anna ...

– No har dei oppretta «Herøy Sytarlag», stifta den sytande mai i 2019, forklarer Mona Ryssevik.

Sytarlaget klagesyng om mellom anna vindkraft, hundedrit og for mykje råkøyring med båt rundt Runde.

Hefte: På baksida finst dessutan eit sytemeldingsskjema. 

I år har Mona sin bror, Frode Ryssevik, skrive alle songtekstane, medan Mona har skrive alle sketsjane utanom éin som er skriven av Torstein Ingebrigtsen.

– Og ikkje gløym å skrive at det vert musikkvideo, skyt skodespelar Thomas Sporsheim inn.

Det vert også gjensyn med dei populære vaktmeistrane, Siv Anita Hermansen og Karl Petter Sortehaug, som elles har meldt seg inn i «Faggforbundet» og fått seg eige slagord: «Saman veg vi tyngre».

Levande musikk

I år som i fjor, vert Galaxyband med på moroa.

– Og i år blir dei med heile vegen, seier Mona.

Dessutan vert det dansing. Vestlandsnytt får seg ein smugkikk på revyen sin eigen «Grease-medley», der skodespelarane både dansar og syng på ein gong.

Grease-medley på nynorsk: Sæmund Helde, Linda Karin Eidem og Thomas Frekøy Skeide. Resten av gjengen dansar utanfor bildet. 

Overskot til godt formål

Ryssevik understrekar at revygjengen ikkje tener ei krone på showet.

– Dette gjer vi for gøy og for å glede dei som har lyst til å sjå. Dessutan har vi det veldig kjekt og sosialt på øvingane. Men det som nesten er endå kjekkare er å gi til gode formål, seier ho.

Alt overskot frå billettinntektene går til å arrangere juleball for psykisk utviklingshemma.