Dette lokale vindskipet kan frakte seks tusen personbilar

Stadt AS i Sande har gått inn på eigarsida i selskapet Vindskip AS.

VINDSKIP: 200 meter langt, 52 meter høgt, og med plass til meir enn 6.000 personbilar. Skipet har eit hovudskrog og to «utriggarar», og er testa ut i forskningslaboratorium både i inn- og utland.   Foto: Lade AS

Nyhende

– Det er stor internasjonal interesse for Terje Lade og hans mykje omtala skipsdesign. Vi i Stadt har berekraftig teknologi som forretningsmodell, og Vindskip sitt prosjekt er eit godt døme på framtidsretta teknologi, seier Stadt-gründer Hallvard Slettevoll.