Grunneigarar på Moltu ser det som totalt uakseptabelt - provoserte over utmarksråning

Seinast i helga var der observert bilar og motorsyklar i utmarksområdet kring Mørkevatnet og oppdyrkingsfelta på Moltu. Det provoserer både folk og grunneigarlaget i området.

Off­road-køy­ring på Mol­tu: Her ser vi litt av dei ska­da­ne som har vore gjort i ut­marks­om­rå­det på Mol­tu. Grunn­ei­ga­ra­ne ser det som hær­verk og hå­par po­li­t­iet kan stil­le dei skul­di­ge til an­svar.   Foto: Tipsar

Dette er å rekne som inntrenging og ikkje minst hærverk på annan manns eigedom

Jan Truelsen
Nyhende

– Dette er totalt uakseptabelt. Om politiet finn ut kven det er som driv på slik, og vedkomande erkjenner skuld, vil vi krevje erstatning.