Gursken kyrkje får vatn, men betalar ikkje

Kommunen har oppdaga at dei har ein abonnent som ikkje betalar eller er registrert tilkopla: Gursken kyrkje.

Gursken kyrkje. Kommunen ber fellesrådet om å punge ut.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

– Sande kommune er kjent med at Gursken kyrkje er tilkopla det kommunale vassverket utan at det er betalt tilknytingsavgift eller vassavgift, skriv teknisk sjef i eit brev til Sande kyrkjelege fellesråd.